— Her kjem det ned blokkar store som bussar

Gul midtstripe har blitt ein urettmessig målestokk for om vegen er god eller ikkje. Dei store blokkane som heng over vegen tar ikkje omsyn til om det er stripe eller ikkje.

Ein mann med lyst, kort hår, blå genser, jeans og gul refleksjakke held handa høgt i været medan han snakkar. Rundt han står det folk å høyrer på. Foto: Silje Alvsaker
Fylkesveg 49 held fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (t.h.), våken om natta. Geolog Harald Hauso (i gul jakke) har ikkje mykje bra å seie om tilstanden på fjella rundt han. Foto: Silje Alvsaker

Ruta Nasjonal rassikringsgruppe køyrer når dei er på studietur i Rogaland og Vestland er stort sett typisk vestlandsvegar; smal, svingete og til tider ganske så rasfarleg. I løpet av dei ti siste åra har det gått 1084 ras på ruta, ni i månaden. På same rute er det registrert 23 skredpunkt, altså stader geologar ser at det kan vere fare for skred i framtida.  

— Størst inntrykk var å møte innbyggarar og næringsliv som har opplevd å bli tatt av ras, og lever med frykta for ras kvar dag. Vi treng fleire midlar til rassikring av vegen og fjellet over og under vegen, seier leiar av Nasjonal rassikringsgruppa, Randi Walderhaug Frisvoll.

— Alle som køyrer må kunne ha ein føreseieleg veg å køyre på. Det vi har sett i Rogaland og Vestland er berre ein liten del av mange farlege vegstrekk i Noreg som er på overtid å få gjort noko med.

Isolert

Sjølverklært noregsmeister i ras, Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug, var ein sjølvskriven gjest. Heimbygda hans, Odda, var isolert fire gangar i fjor, og to gangar så langt i år. Det vil seie 5000 menneske som ikkje kjem seg nokon stad før vegen er rydda.

— Eg veit om folk som køyrer med vindauga open for å høyre om det kjem skred, fortel han.

Sprekker i fjellet

Øvst i Tokagjelet på fylkesveg 49 står fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, i lag med geolog i Vestland fylkeskommune, Harald Hauso. Gjerdet langs fjellsida skal forhindre is og steinar frå å falle ut i vegbana. Langs vegen og i nettet ligg det steinar.

— Fjellet består av fylitt og glimmerskifer. Det er gamal havbotn med mikrosprekker, fjellet er dårleg og forvitrar lett. Terrenget er dekka av vegetasjon. Å kartlegge fjellsidene er vanskeleg, fortel Hauso.

— Dette prosjektet søv eg dårleg av. Ein ting er om det skulle rase ovanfrå, men her kan også muren under rase ut under vegen. Skjer det noko no så tar det fem år før vi har ein ny tunnel, seier Askeland.

Trygt er ikkje billig

I Hardanger bur det vel 20 000 menneske. Skulle noko skje med fylkesvegen gjennom Tokagjelet er det andre dårlege vegar som må brukast. Både fylkesveg 49 og 79 blir brukt som omkøyringsvegar når E16 er stengd, dei er underdimensjonert og toler ikkje trafikkbelastinga. Det vil seie at det fort blir kø på dei skredutsette vegane. Tokagjel-prosjektet er berekna til å koste opp mot tre milliardar kroner.

— Eg er veldig glad for at viktige fagfolk legg premissar. Vi politikarar leitar er løysingar som kostar minst. Her kan vi ikkje ta den billigaste løysinga, vi må ta den tryggaste, seier Askeland.

Einaste løysing

På fylkesveg 79 ved Steinstøberget har det blitt tatt ned steinblokkar så store som bussar, fortel Hauso. Det er bratt opp på eine sida av vegen, og bratt ned på andre sida.

— Her hjelper det ikkje å utvide vegen. Arbeidstryggleiken er ikkje forsvarleg. Vegen er smal, muren under vegen er dårlege og utfordringane med å stenge blir kolossale. Det ville vore ekstremt krevjande å få til og vi ville ikkje fått det resultatet vi ønska å oppnå, seier Hauso.

— Tunell er einaste løysing. Det er det einaste alternativet som gir meining. Verken fanggjerde eller punkutbetring er løysinga, men her kjem vegen til å bli knust når det går ras, seier Hauso.

Ei gruppe menneske står i ein halvsirkel rundt to menn. Eine mannen har grått hår og grøn jakke, den andre har kort, lyst hår og gul refleksjakke på. Bak gruppa står ein kvit buss. Foto: Silje Alvsaker
Nasjonal rassikringsgruppe på studietur i Rogaland og Vestland fekk kjenne på korleis ein typisk vestlandsveg kjennes ut; smal, svingete og rasutsett. Foto: Silje Alvsaker

Andre innlegg